Anna Lille
Sidan debutsingelen «Stealing the Scene» har Anna Lille frå Nordfjordeid kapra stadig fleire hjarte både her heime og i utlandet. Med ei unik stemme, ærlege tekstar og eit ektefølt singer-songwriter-uttrykk har 20-åringen på kort tid markert seg som eit av dei mest spennande nye namna på den norske musikkscena.
Etter by har Anna Lille blitt samanlikna med norske eksportsuksessar som girl in red og AURORA. Musikken hennar har fått plass på Spotify sine New Music Friday-lister i mellom anna USA, Storbritannia, Australia, Canada og Tyskland. Ho har også vore ambassadør for Spotify EQUAL Nordics og blitt trekt fram som ein av Ticketmaster sine utvalde «New Artists».
Med låtar lista på NRK P1, P3 og P13, og konsertar på festivalar som Pstereo, Malakoff, Mablis og by bak seg, har Anna Lille allereie bygd opp eit stadig veksande publikum. Alt tyder på at dette berre er starten for artisten frå Nordfjordeid.