Hellbillies
Gjennom heile karrieren har Hellbillies blitt hylla for sitt særeigne uttrykk, tufta på ei samansmelting av amerikansk og norsk musikktradisjon. Dei litterære kvalitetane i tekstane, kombinert med ei musikalsk tyngde, har inspirert generasjonar av artistar som har kome etter dei.
Anerkjenningane har vore mange, frå Spellemannprisens heiderspris og «Årets Spellemann» til utmerkingar frå Noregs Mållag, Norsk Artistforbund, Prøysenprisen og Medaas-prisen, i tillegg til strålande meldingar.
Fulle konsertsalar og eit stadig veksande publikum, etter kvart som nye generasjonar oppdagar låtkatalogen, talar for seg.