Kamelen

Kamelen, aka Marcus Kabelo Møll Mosele, er eitt av mange talent som har blitt fostra fram av hiphopkollektivet NMG/G-Huset i Bergen.

Kamelen er definitivt ein av dei mest spennande rapparane i landet, og leverer feite låtar og energiske konsertar på løpande band. Låtane hans er prega av eit uroleg liv og ei kledelig musikalsk rastløyse som resonnerer hos eit stadig veksande publikum.

Mannen bak megahits som «Si ingenting» og «Creme de la Creme» tok steget opp frå undergrunnen med debutalbumet sitt i 2017, etterfølgt av «Kingpin Slim» i 2019 og albumet «MEST ELSKET & Hatet», som blei sleppt i fjor. Han har også vore nominert til P3 Gull og vunne Spellemannprisen.

Next
Next

Hellbillies